topp_logo.jpg

 

ENIG OG TRO TIL DOVREFJELL(RÅDET) FALLER?

Kronikk skrevet av Marit Wadsten, onsdag 20. august 2008

2007.09.14_reinsjakt3_016redigert_.jpg

Er Dovrefjellrådet, Dovre Kommune og Den Norske Turistforening  så enige om Snøheimsaka at det kjem til å felle Dovrefjellrådet?

 Er Dovrefjellrådet, Dovre Kommune og Den Norske Turistforening  så enige om Snøheimsaka at det kjem til å felle Dovrefjellrådet?

Dovrefjellrådet er forvaltningsmyndighet for Dovrefjell og Sunndalsfjella Nasjonalpark og skal også koordinere forvaltninga av dei åtte landskapsvernområda tilknytt nasjonalparken. Rådet består av medlemmar frå dei berørte kommunane; Dovre, Lesja, Rauma, Nesset, Sunndal, Oppdal, Tynset og Folldal. I tillegg er dei fire fylkeskommunane Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal  representert. Rådet vart oppretta som eit prøveprosjekt der ein modell for lokal forvaltning skulle prøvast ut. Forsøksperioden gjekk ut 06.06.08, evalueringsrapporten ligg føre og Stortinget skal no avgjere kva som skal skje vidare.

Det er grunn til å minne om at Norge etter Rio-konferansen i 1992, har teke på seg eit internasjonalt ansvar for å ta vare på høgfjellsøkosystemet, villreinen og villreinen sine leveområder, som er unikt i verdssamanheng. Dovrefjellrådet er satt til å forvalte dette verneformålet.

I saka om DNT si utbygging av Snøheim kan det vise seg at Dovrefjellrådet har gjort svært mangelfull saksbehandling. Denne utbygginga må sjåast i samanheng med aksjonen for bevaring av Snøheimvegen, og desse to prosjekta til saman gir svært stor grunn til uro for nettopp villreinen sine leveområder.

Snøhetta og Knutshø Villreinnemnd  er ei statleg nemnd som forvaltar villreinen i Snøhetta villreinområde i samarbeid med Snøhetta Villreinutvalg, som organiserer rettigheitshavarane i området. Dovrefjellrådet sendte ikkje Snøheimsaka på høyring til villreinnemnda og villreinutvalget. Dette er heilt ufatteleg, og i tillegg ser det ut til at Dovrefjellrådet si saksbehandling i Snøheimsaka er svært mangelfull. Villreinnemnda har derfor klaga på Dovrefjellrådet si saksbehandlinga. Klaga på dette blir no behandla i Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

Det ser ut til at Dovrefjellrådet er blitt ein arena for enkeltkommunane sin offensive, for ikkje å seie aggressive, næringspolitikk, og at kommunepolitikarane som rådet består av, støttar kvarandre sine næringspolitiske utbyggingsprosjekt inne i verneområdet, utan hensyn til det primære verneformålet dei er satt til å forvalte. Slikt bør det bli bråk av.

DN har no to saker til behandling som dei bør sjå i samanheng; Klaga frå Snøhetta og Knutshø Villreinnemnd, og evalueringa av prøveprosjektet med lokal forvaltning. Slike grove overtramp i saksbehandlingsprosedyrene bør få følgjer for Dovrefjellrådet og den vidare organiseringa av forvaltninga av fjellområda våre.

Stortinget har vedteke eit 5-årig forskingsprosjekt for å utrede konsekvensane av Snøheimvegen for m.a. villreinen. Vi har alt svært mykje kunnskap og dokumentasjon om dette i tidlegare forsking utført av NINA. Det ser derfor ut til at; ja, Norge har formelt sett verna dei nødvendige områda, men nei; den konkrete politikken vi fører lokalt, regionalt og nasjonalt tek ikkje ansvaret for vernet i praksis.

Marit Wadsten
Eikesda

 

Bevar Dovrefjell mellom istidene l Stette, 6260 SKODJE l  post@bevardovrefjell.no  Web design og CMS: Osberget AS